Normal har opna på HSD-senteret
11. april var det opning av Normal, som har overteke eit 500 rutemeter stort lokale på HSD-senteret. Opningsfesten vart ein forrykande fest, med både DJ, konkurransar og lykkehjul. Me er svært glade for at Normal har etablert seg på HSD-senteret, butikken er blitt kjempeflott!
Normal har eit stort og breitt utval, som sel «normale varer til unormale prisar». Vareutvalet deira består av kjente merkevarer innan område som mellom anna hudpleie, hårpleie, tannpleie, sjampo, sminke og reingjering. Kort sagt – her er noko for alle til alle aldersgrupper!
Velkomen😊


