Om senteret

HSD-senteret er eit moderne, flott og sjølvstendig kjøpesenter utan kjedetilknyting.
Hos oss har du eit breitt utval butikkar med godt utval innan daglegvare, blomar, leiker, bøker, apotek, briller, sko og klede, garn og hobbyartiklar, fritids/sportstøy, interiør og hushaldningsartiklar m.m.
Me har også ein kafe som kan freista med heimelaga tradisjonsrik mat i tillegg til kjappe måltid, og god heimelaga bakst og kaker.
Lett tilkomst med parkering og alle butikkar på eit plan.
Senteret tilbyr også utleige av selskapslokale, i tett samarbeid med Kafedn i by`dn. Her kan du kombinera eit møte med ein god lunsj, eller feira noko med ein betre middag. Ta kontakt for ein uforpliktande prat om leige av selskapslokale!

BØMLAKORTET
Dette gåvekortet kan du bruka på heile Bømlo! Få akkurat det beløpet du ønskjer å gje i gåve på kortet, og gje det til kven du vil – til bursdag, farsdag, morsdag, jul, påske, ein heilt vanleg kvardag, ja, kva dag som helst.
Du får kjøpt bømlakortet på Inspira Beauty, som ligg rett innanfor hovudinngangen på HSD-senteret.
På www.bomlakortet.no ser du kvar du kan bruka det, og kva saldoen er på kortet du har fått.